Publisert av:
21/11/2010 11:16
Skeiseis
Me har hatt litt kuldegrader denne veka og det har gjort at det har frose på.
På Korsfjorden i Vee er det blitt såpass is at ein kan ta fram skeisene og få testa dei.
– Korsfjorden er blitt større sidan sist og her er ganske bra skeiseis, opplyser Ingrid H. Haaland som har sendt MMS-foto frå Korsfjorden søndag føremiddag.
– Litt tynn is inn mot graset, men her er jo grunt, seier ho.