Publisert av:
30/10/2010 19:52
Vel gjennomført Hafo Cup
Alt klokka ni i dag tidleg starta den fyrste kampen i Hafo Cup. Siste kamp var ferdig om lag klokka 19.
21 kampar vart spelt, der laga som møtte kvarandre spelte ein omgong med handball og ein omgong med fotball.
Primus motor Jorunn Dalland seier til Tysnesingen at arrangementet i Tysneshallen gjekk veldig fint.
Dei som var mest glade i dag var nok klasse 8b som vann Fair Play prisen. Denne prisen var ein 5000 kroners tur til VilVite Senteret i Bergen for heile klassen!
Øvrige vinnarar:
5.klasse mixlag frå Onarheim og Lunde
6b Tysnes skule “Pringles”
7b Tysnes skule “Hamburgers”
8a Tysnes skule
10b Tysnes skule