Trur på kommune-domino

Publisert av:
20/10/2010 20:39

Ordførar Liv Kari Eskeland har tru på ein ny og stor kommune i Sunnhordland.

Ikkje noko ny tanke frå den kanten, men den er komt opp att etter det er snakk om ein storkommune i Norhordland med samanslåing av Radøy, Lindås og Meland.

Sunnhordlandskommunen vil kunne innbefatta Stord, Fitjar, Bømlo, Sveio og Tysnes.

Til NRK Hordaland seier varaordførar Magne Ivar Fauskanger at Tysnes ikkje ønskjer å snakke om samanslåing før ei bru over Langenuen står ferdig.

– Eg meiner me har eit veldig godt tilbod til innbyggjarane våre, og infrastruktur er veldig viktig, seier Fauskanger til NRK Hordaland.