Dirigent, naturlegvis

Publisert av:
6/10/2010 13:00

I Norges Musikkorps Forbund sitt eige blad utgåve nummer 3 2010 er det ein to-siders artikkel om  Øyvind Raknes Nikolaisen frå Våge.

Raknes Nikolaisen vert omtala til å ha ei stor framtid føre seg som dirigent. Han er i ferd med å fullføra bachelorgraden sin ved Griegakademiet. Læraren hans omtalar han som ein naturleg dirigent. Sensor på eksamen i juni uttalte at han vert skuffa om han ikkje jobbar som dirigent om nokre år og gav han toppkarakter.

– Karakteren var verkeleg ikkje ufortent. Øyvind er ein veldig naturleg dirigent, og har både det me kallar patos, ethos og logos. Eigenskaper ein verkeleg god dirigent må ha, seier lærar Harald Eikaas til bladet.

Den unge tysnesingen ønskjer sjølv å strekka seg så langt han kan som dirigent.