Publisert av:
29/9/2010 19:54
Travle tider
– Me har aukande arbeidsmengde og vil difor tilsetja ein elektrikar til, seier Kjartan Hagen i Tiko AS til Tysnesingen.
Hagen fortel at dei i dag er sju tilsette + ein lærling. No søkjer dei etter enno ein elektrikar.
– Me lyte satsa litt. Om lag 98% av jobbane våras er på Tysnes og det er her i kommunen me konsentrerer oss. Men får me forespurnader frå utanfor kommunen, så vurderer me dei også, seier han.
Hagen ser for seg god ordretilgong vidare frametter og har tru på ei positiv utvikling på Tysnes.