Filmar Tysnes frå modellfly

Publisert av:
8/9/2010 19:50

I ein film (klikk her for å sjå filmen >>>) på 13-14 minuttar kan du sjå Tysnesøya frå lufta. Bjørn Tore Espevik som har laga den flotte filmen, har gjort det fordi han synes det er morosamt!

– Bakgrunnen til at eg har laga akkurat denne filmen er vel for å visa folk frå andre plassar kor flott det eigentleg er på Tysnes, fortel Espevik til Tysnesingen.

– Men sånn ellers så er bakgrunnen for at eg likar å filma frå flyet at eg har fått meg eit lite kamera som streamer video direkte tilbake til meg, Desse videosignala ser eg i eit par videobriller, så det er eigentleg akkurat som å sitja på med flyet.

Han har også også ein O(n)S(creen)D(isplay) som viser høgd,avstand til han sjølv, farten til flyet, kor masse batteri som er att etc.

– OSD er nesten eit must når ein skal driva med sånn type modellfly, for det er ganske lett å gløyma tida og dermed mista flyet pga at ein ikkje har nok batteri til å komma tilbake til utgangspunktet, seier han.

Flyet han brukar er ein Easyglider frå Multiplex, og kameraet et eit goproHD som eigenteg ikkje er så kostbart om ein ser på kvaliteten på filmane det tar opp.

– Filmane blir ganske redusert undervegs frå meg til dei ligg på nett, sikkert mest på grunn av komprimering? funderer han.

På sikt håpar han å montera kameraet i rc helikopteret har har for å laga presentasjonsvideoar av f.eks. firma eller kanskje arrangement, men som han seier er det eit stort kanskje, for alt tek mykje tid.