Bowling 1. divisjon

Publisert av: May Britt Meland
23/9/2026 11:53

Optimera med full pott etter to serierundar

Ivo hadde ein god dag då Optimera vann 4 – 0 mot Alsaker. Heile 573 pinnefall fekk Ivo og fekk vist at det ikkje berre var flaks at han vann Tysnesmeisterskapen tidlegare i år. Også denne runden hadde Optimera klart høgast pinnefall.

Me har over tid hatt litt problem med banane, men i denne runden fungerte alt heilt optimalt.
Helge Boland har gjort eit omfattande og godt arbeid med å oppgradere banane.