Publisert av:
22/8/2010 08:25
500 på dansegalla
Årets dansegalla vart ein stor suksess.
Alt fredag, før skuletida var slutt, byrja dei fyrste bubilane å parkera på skuleplassen og lada opp til dansegallaen. Totalt kom det 50 bubilar og campingvogner og det yrde av liv.
Lars Petter Epland i Tysnes Musikklag seier til Tysnesingen at dei selde opp mot 500 billettar.
– Det var mykje nøgde danseglade folk, og me fekk tilbakemeldingar frå dei tilreisande at dette var kjempebra og at til dansegallaen på Tysnes kjem dei att! seier han.
Som vanleg var Gruppesax på plass og spelte, og i tillegg var det populære dansebandet på landsbasis Contrazt med og gjorde at parketten i hallen var full av danseglade folk.
(Pga sjukdom vart det ikkje tatt bilete med kamera – GH)