Tysnesingar med på Dynafit Hardangervidda Marathon 2026
30/8/2026 12:22
Laurdag 29. august var fem tysnesingar på Hardangervidda og sprang halvmaraton.
Arrangøren beskriv Dynafit Hardangervidda Maraton slik:
Dette er ikkje ein vanleg maraton der du spring på asfalt i ein flat løypeprofil. Her er det fjellvidder og store naturopplevingar som er stikkorda. Du spring i fjellterreng i spektakulære omgivelsar på Hardangervidda. Undervegs får du, som ein liten ekstrabonus, to blytunge klatreetappar som garantert vil svi så det held. Dette blir hardt, brutalt og heilt nydeleg. Denne dagen får du brukt alt du har av krefter og på kjøpet får du ei naturoppleving du seint vil gløyme.
Ein kunne velge å springe enten maraton (43,4) eller halvmaraton (21,2 km). Dei fem frå Tysnes som var med, sprang alle halvmaraton.

Det var knallbra innsats og flotte resultat frå dei alle.
Resultatliste både dame og menn:
Kari Bråtun, frå Uskedal IL, men bur på Tysnes. Ho kom på 23. plass samanlagt av damer og menn, med tida 02.33.42. Ho vart nr. 4 av damene.
Aksel Lande vart nr. 35 samanlagt av damer og menn, med tida 02.41.33.
Av mennene vart han nr. 28.
Gard Erik Erstad vart nr. 60 samanlagt av damer og menn, med tida 02.52.33.
Av mennene vart han nr. 46
Atle Birkeland vart nr. 129 samanlagt av damer og menn, med tida 03.16.54.
Av mennene vart han nr. 84
Marthe Birkeland vart nr. 146 samanlagt av damer og menn, med tida 03.21.44.
Av damene vart ho nr. 52.


Diverre var det ikkje noko bilete av Marthe og Atle Birkeland.
Vil du lesa meir om løpet, og sjå resultatlista, kan du gå inn her:
RaceTracker – Dynafit Hardangervidda Marathon 2026
Dynafit Hardangervidda Maraton – Xtremeidfjord