Ny dansegalla for danseglade
17/8/2010 19:45
Det er Tysnes musikklag som skipar til stordans i fleirbrukshallen i Våge på Tysnes, og laget har som mål å få mellom 500 og 1000 danseglade innanfor dørene.
– Me skal laga dansegalla med skikkeleg musikk, ein seinsommarhappening for feriefolk, fastbuande og tilreisande, fortel Lars Petter Epland i Tysnes musikklag.
Tysnes musikklag er så heldige å ha fått på plass det norske dansebandet Contrazt til årets dansegalla. Bandet har hatt ein stor opptur gjennom sommaren og den siste veka har dei lege på 4. plass på VG si albumliste. (Les også omtale i Dagbladet)
– Me er utrtuleg glade for å ha fått på plass Contrazt som er kjent for å spela til dans med ein «boblande energi». I tillegg kan me by på dansemusikk av bandet Gruppesax som tidlegare har vore med på fem dansegallaer på Tysnes. I fjor annonserte bandet med at det var deira siste opptreden, men i år er dei her igjen. Ikkje nok med at publikum likar dei, men bandet kosar seg også når dei spelar på Tysnes, fortel Epland.
Det er sjette gong Tysnes musikklag lagar til dansegalla. Av publikum er det både tysnesingar, utflytta tysnesingar, hyttefolk og gjester frå nabokommunane.
– Det blir garantert god musikk for dei som likar å dansa, lovar Epland.
Orkestra skal spela nonstop dansemusikk frå ein stor scene, salen blir pynta med lys og småbord og det vil bli servert mat og drikke.
– Me skal ha ei triveleg ramme rundt musikken og dansinga, og satsar på at dansegallaen vert ein opptur før hausten kjem, for det er jo faktisk sommar enno, minnar Epland om.