Midt i blinken
25/8/2026 12:04
22. august var det nok ein gong duka for idrettsleikar og “Tysnesleikane midt i blinken” på Reksteren Idretts- og Kulturbygg.
Deltakinga var god med 12 deltakarar + ledsagarar og dugnadsfolk, totalt rundt 40 personar.

Dagen starta med ulike oppvarmingsleikar: frisbeegolf, minigolf, stigegolf, melkespannholding, boccia, fotball, basketball, hesteskokasting, pilkasting og blink på boks. Etterpå var det friidrett: 60m, lengdehopp og kulestøt/ballkast.
Tradisjon tru vart dagen avslutta med middag, kake og premieutdeling.


Alle får diplom, som føl dei, der årstala vert skrive inn for kvart år ein deltek. Dei tre første årene ein deltak får ein ulike typar bronsemedaljar, så er neste steg sølv, og så gull. Og når ein har vore med i 10 år får ein pokal.
