Sykkelglede på Onarheim

Publisert av: May Britt Meland
16/8/2026 10:29

Fredag 14. august vart Alsaker brygge fylt med sykkelglede då Tour of Norway for kids kom til Onarheim. Det var 12 frivillige frå idrettslaget og Joker Onarheim som var med og sørga for opprigg, vakter, rittkontor, lykkehjul og utlevering av startnr og premier og t-skjorte til alle. 120 deltakarar få 0-12 år fordelt på klasse for 3 hjulsykkel og støttehjul, 5-6 år, 7-8 år og 9-12 år. -Så her var nok over 300 pers samla!

Arrangementet starta kl. 18:00 med to tilpassa løyper: ei kortare for dei yngste (trehjulsykkel, støttehjul og 5–6 år), og ei lengre for 7–8 og 9–12 år. Vêret var fint, og stemninga var god både for born og føresette.

Onarheim IL stod bak den lokale gjennomføringa og sørga mellom anna for smoothie til alle deltakarane.

Stor takk til Tour of Norway for kids sitt mannskap som sørga for eit supert arrangement, Joker Onarheim, Alsaker Fjordbruk, frivillige frå idrettslaget og Tysnes Røde Kors som sørga for at detta blei eit supert opplegg.

Tekst: Onarheim Idrettslag
Foto: Katrine Møllerup Skaten