Slå på tråden
13/7/2010 17:20
Månadens gjenstand på Tysnes folkebibliotek er ei sak dei aller fleste av oss nyttar fleire gongar dagleg – telefonen. Men medan telefonane våre i dag er små og trådlause, er det solide saker som er stilt ut på biblioteket – ikkje minst den svære krambutelefonen frå Skato, som hadde abonnentnummer 8A. Det var Møllerup L. Skaten som var abonnenten, og telefonapparata her kom i 1936/37.
Som kjent vart telefonen oppfunne av amerikanaren Alexander Graham Bell, som tok det første patentet i 1876. Det gjekk ikkje lang tid før dei første telefonapparata kom her til landet. Opp gjennom åra har telefonapparata endra seg ein god del, frå digre apparat utført i nøttetre eller mahogni, til plast – og dei har stadig vorte mindre, og i seinare år også trådlause.
Slik var det ikkje i byrjinga. Apparatet hang på veggen og stod i stil med veggklokka. Mikrofonen sat fast på apparatet og skulle vera plassert i høveleg høgde for den som snakka. Nedst i apparatkassen var dei store batteria. På nokre av desse veggtelefonane var det ein såkalla bankeinduktor – ein knapp som ein slo på for å få indusert straum på linja slik at ein fekk kontakt med sentralborddama. Uttrykket ”slå på tråden” lever att etter denne bankinga på knappen.
Den eldste telefonen i utstillinga på biblioteket er som nemnd krambutelefonen på Skato frå 1930-talet. Det neste apparatet i rekkja er den telefonen som Televerket monterte her på Tysnes til ut i 1950-åra. Apparata kunne enkelt omgjerast til enten vegg- eller bordtelefon. Den same apparattypen er også stilt ut i opna stand, slik at publikum kan studera innmaten. Her står også dei to batteria som høyrde til. På batteria er det skrive at dei vart oppsette 11. nov. 1951 og nedtekne 19. januar 1964. Dei skulle i grunnen ha vore nytta vidare på anna vis, for nedst står å lesa:
“Etter å være skiftet ut som mikrofonbatteri, nyttiggjøres elementet til telegraf- eller lokalbatteri.”
Så kom Elektrisk Bureau sin 1953-modell. Dette var verdas første telefonmodell i termoplast. Der det var automatisert, var det nummerskive i staden for sveiv. Mange tysnesingar hugsar nok godt desse apparata.
Frå 1967 kom Elektrisk Bureau med sin velkjende ”grå”. No vart det slutt på ringjelyden – denne telefonen plystra. Dette vart standardapparatet på Tysnes etter kvart som bygdene vart automatiserte.
Du kan sjå dei utstilte telefonane og lesa meir om dei om du stikk innom Tysnes folkebibliotek i sommar!