Publisert av:
13/7/2010 07:20
Med på paintball?
Laurdag 17.juli ynskjer ungdomsrådet å arrangera paintball for tysnesingar i alle aldrar.
– Me har ikkje bestemt kor me skal halde det – Godøysund kan vera eit alternativ kanskje, men me er avhengige av at folk melder seg på. Dette for at me skal bestille nok utstyr, seier Hanne Hope og Veronika Hestad Kjøndal til Tysnesingen.
Dei opplyser at prisen nok vil liggja mellom 300-400 kr pr person og at dette inkluderer då alt av paintball- og sikkerheitsutstyr (også gass og kuler).
Dersom du er interessert, ta kontakt med ungdomsrådet på mail eller Hanne mobil 452 87 529 / Veronika mobil 911 88 957.
Påmeldingsfrist: 14.juli.