Publisert av:
9/7/2010 18:07
Populært Klypa-show
På kaiområdet ute ved piren hadde Tysnefest i ettermiddag laga til for stand-up show.
Artisten var Klypa som med sitt humorshow fekk fram låtten titt og ofte frå tilhøyrarane. Og dei var det mange av – i alle aldrar – for det var ikkje ein billett å oppdriva då Klypa inntok scenen.
Komisuksessen Klypa, med opphavsmann Thomas Ryste, byrja showa sine i det små for seks år sidan i Ørsta. Etterkvart har Klypa blitt meir og meir populært med sine mange sprøe innfall.