Plantefarging på timeplanen

Publisert av: May Britt Meland
25/5/2026 20:49

Tirsdag 19. og torsdag 21. mai, hadde 4. klasse ved Uggdal skule ein kjekk aktivitet på timeplanen: Plantefarging.
Jorunn Støle Bjordal i Bygdekvinnelaget fortel at dei samla inn bjørk, gul løk, orekonglar, rabarbra,  kanadagullris og avocado stein til farginga. -Og så hadde me kjøpt inn frå spinnestua i Drammen svarte bønner, krapp og vinstein. Me hadde på førehand beisa tråden med et salt som heiter alun. Det gjer at fargen fester seg til garnet og at garnet tåler sollys.

Elevane fekk så vera med å farga garnet. Sjølve farginga tok ca 1 time. Deretter vert garnet skylt, og hengt opp for å tørka.

Når desse elevane kjem i 5 klasse til neste år skal bygdekvinnene læra dei å strikka på Tysnes skule. Elevane lagar kvar sin lapp som me heklar saman til et flott teppe.

I 6 klasse skal desse elevane laga til basar der teppet og andre gevinstar skal loddast ut. Basar pengane skal me gje til et godt formål. På basaren vert det også bedt inn foreldre og besteforeldre. Elevane har saman med bygdekvinnelaget laga lapper og vafler som vert seld på basaren, fortel Jorunn.