Publisert av:
23/6/2010 20:15
Fin St.Hans feiring
I Lunde hadde bygdalaget, idrettslaget og ungdomslaget gått saman om å laga til St.Hans feiring. I år som i fjor var det lagt til sjøkanten i Gripne.
Det seig på med folk utover kvelden, både med londabygdarar, hyttefolk og Amerika-folk som var heime på besøk.
Forutan grilling og bålbrenning var det volleyball, badmington, fisking og leiting etter krabbar. I bakgrunnen var det livemusikk frå Kolle, Karsten og Cathrine.