Arkivfoto: Vestrefjellet

Tilskot til nærmiljøtiltak og kulturmidlar til allment kulturarbeid

Publisert av: May Britt Meland
21/3/2026 19:05

Tilskot til nærmiljøtiltak

Ordninga med tilskot til nærmiljøtiltak skal bidra til aktivitet, fellesskap og trivsel i lokalmiljøet, med særleg vekt på inkludering, integrering og sosiale tilhøyre.

Kven kan søke?
frivillige lag og organisasjonar med organisasjonsnummer
søkarar må ha aktivitet/tiltak i Tysnes kommune
organisasjonar som får fast årleg tilskot frå kommunen kan ikkje søke
Kva kan du søke støtte til?
De kan søke om tilskot til både drift og konkrete tiltak, som til dømes:

bygging, merking og vedlikehald av turvegar og stiar
rydding av plast og anna boss
bygdesamlingar og fellesmåltid i grendahus
nærmiljøanlegg som ballbingar og leikeplassar
vedlikehald og opprusting av ungdomshus og grendahus
kurs og fritidstilbod for barn og unge, eldre og personar med spesielle behov
tiltak som fremmar integrering og kulturelt mangfald
Kurs og/ eller fritidstilbod for barn og unge, eldre, personar med spesielle behov og integrering av personar med anna kulturell bakgrunn vil bli prioritert.

Les meir på Tysnes kommune si side om korleis du søker.

Kulturmidlar til allment kulturarbeid
Lag og organisasjonar som driv kulturvern og kulturformidling kan søke om kulturmidlar.

Kven kan få tilskot?
Tilskotet er retta mot lag og organisasjonar som driv kulturvern eller kulturformidling.

  • Tilskot blir i hovudsak prioritert til aktivitetar retta mot:

– barn, ungdom og unge vaksne
– eldre
– personar med spesielle behov
– tiltak som fremmer integrering av personar med anna kulturell bakgrunn.

Desse målgruppene kan òg gje grunnlag for auka tilskot.

Alle som søker må ha organisasjonsnummer.

Les meir på Tysnes kommune si side om korleis du søker.

Søknadsfrist 31. mars