Akedag i Lio

Publisert av: May Britt Meland
3/1/2026 20:05

Sjølv om det ikkje har kome dei alle store mengdene med snø, har kuldegradene gjort at det likevel er gode akeforhold. I Lunde har det stimla til med foreldre og born i alle aldrar for å kose seg med fart og spenning i Lio.

Mange testa også ut akematter, dei var kjekke og sitja på og dei med god balanse fekk også til å stå på dei nedover bakken.

 

Oppe ved lavoen kunne ein ta seg ein pause, kosa seg og få varme i kroppen.

Foto: Mailinn Helland Hagen