Såg ulv

Publisert av:
9/6/2010 20:27

Odd Skjellevik er frå Skjelevikjo og utflytta tysnesing. Han driv Enger gård ved Lørenfallet i Sørum.

For nokre veker sidan såg han ein ulv som sprang tvers over jordet og over gardstunet i ein voldsom fart, fortel han til avisa Romerikes Blad. Dyret stansa ikkje før det nådde skogholtet like ved. Skjellevik skreik etter ulven, og den stansa, snudde seg og viste seg fram, før den stakk til skogs.

Det var først etterpå han skjøna kva han hadde sett, og han synest det er litt stort å ha sett ein ulv i levande live, seier Skjellevik til avisa.

Ryktet spreidde seg der han bur og mange kom på besøk for å sjå fotspora etter ulven. To aviser skreiv om hendinga og du kan lesa meir hos Indre Akershus Blad her >>>