Publisert av: Martha Nygård Lande
17/9/2025 11:53
Litteraturbåten Epos og Bergen Assembly til Tysnes
I denne og neste veke er Litteraturbåten Epos på besøk i Sunnhordland!
I samarbeid med 𝗕𝗲𝗿𝗴𝗲𝗻 𝗔𝘀𝘀𝗲𝗺𝗯𝗹𝘆 𝟮𝟬𝟮𝟱 er Epos vertskap for kunstprogrammet 𝘞𝘢𝘵𝘦𝘳 𝘢𝘴 𝘢 𝘓𝘪𝘯𝘬𝘦𝘳 𝘢𝘯𝘥 𝘚𝘦𝘱𝘢𝘳𝘢𝘵𝘰𝘳. Programmet fyller Epos med kunstverk og gjestekunstnarar.
Ombord kan ein oppleve nye verk av Elsebet Rahlff og Elin Már Øyen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. Verka undersøker korleis vatn kan knyte stadar saman, og forme relasjonar på tvers av geografi. Studentar fra Bergen Arkitektskole har bygd nytt interiør på Epos.
På kvart av stoppa vil båten vere open om ettermiddagen mellom 16 og 19, med moglegheit til å kjøpe kaffi og lefse, lese ei bok og møte folk. På fleire av stoppa er det program i tillegg.
Stopp i Sunnhordland:
- Onsdag 17. september: Open båt i Våge klokka 16.00 – 19.00
- Torsdag 18. september: Open båt og performance av verket “Meet the Locals” av Jana Winderen på Notahaugsbryggja klokka 18.
(Les meir om verket i NRK si melding av opningshelga til Bergen Assembly her:
- Måndag 22. september: Open båt og opplesing av Arne Torget ved Sunde kyst- og litteratursenter
- Tysdag 23. september: Open båt ved kaien i Rosendal, i høvet Epos sitt besøk held Folgefonnsenteret ope til 18 og har gratis inngang denne dagen.
Litteraturbåten Epos