Suksess for Kråkereiret

Publisert av:
13/5/2010 13:57

– Me hadde planar om å telja antal innbetalte, men det var så mange at me ikkje rakk å halda følgje, fortel Hanne Hope i Tysnes Ungdomsråd til Tysnesingen. Ho seier at det virka som om dei som møtte fram hadde det kjekt. – Responsen var i alle fall svært bra, seier ho.

Det manglar framleis nokre ting til klubben, t.d. biljardbord. Men dette reknar ungdomsklubben med å ha på plass til neste klubbkveld. I tillegg har dei planar om ulike aktivitetar framover.

– Planen er å arrangera ungdomsklubb tredjekvar veke i byrjinga, og heller utvida tilbodet dersom det viser seg at det er naudsynt. Ungdomsrådet håpar dette er eit tiltak som Tysnesungdomen nyttar seg av, og at folk gjer beskjed om dei har forslag til utbetringar eller ting ein kan gjera annleis, seier Hope.

Du kontakta dei på tysnes.ungdomsraad@yahoo.com for å gje innspel.