Publisert av:
6/5/2010 20:30
God start for fysio
– Eg har hatt ein veldig bra start etter at eg flytta inn her i Våge, seier Langlo til Tysnesingen.
Ho hadde tidlegare lokale i Uggdal i Tysnes fysikalske institutt.
– Eg hadde lyst å vera meir sjølvstendig og friare i omfang til jobb, difor valde eg å få meg eigne lokale og meir plass, seier Langlo, og legg til:
– Det er stor oppgang i behovet for fysikalske tenester, så det manglar ikkje på arbeid.
Privatpraksisen sin har ho no i toppetasjen i Tiko-bygget ved Våge kai. Her har ho to store behandlingsrom + dusj tilgjengeleg for kundar. Kantine og venterom deler ho med tannlegepraksisen som nyleg byrja si verksemd i same bygget.
Ingunn Langlo har ope fire dagar i veka + onsdagar ved behov. For timebestilling ringjer du ho på telefon 4682 7643.