Publisert av:
2/5/2010 20:49
God fotballhelg
A-laget slo sundag kveld til med 5-0 borte over Galgen. Njardar leia 2-0 til pause etter scoringar frå veteranane Torbjørn Onarheim og Nils Eivind Hansen. I 2.omgong hadde tysnesingane full kontroll og la på ytterlegare tre mål frå Christian Frugård, Fredrik Winther (straffe) og Terje Hagen.
Damelaget møtte torsdag kveld Bønes heime på Reiso-graset. Det vart storsiger til damene. Dei leia 7-2 til pause, medan sluttresultatet enda med 14-7 til Njardar.
Fredag kveld var gutelaget til by’n og møtte Minde. Njardar kunne reisa heim att til Tysnes med 5-2 siger etter scoringar frå Daniell Hauge Hansen, Glenn Hagen 2, Christian Ottem og Tore Hodneland. Gutane kunne med litt meir effektivitet vunne med enno større siffer.