Tysnes Turlag inviterer til Vattedalsrunden

2. februar kl. 11:00

Dato: Søndag 2. februar
Tid: Kl. 11:00–13:30 Oppmøtestad: Parkeringsplassen ved Henningshagen

Køyr frå Onarheim mot Lunde. Etter om lag 1,5 km ser du skiltet til Henningshagen. Parkeringsplassen ligg rett ved avkøyrsla.

Turen
Frå Henningshagen følgjer vi fyrst asfaltvegen oppover Vattedal. Deretter tek vi oss vidare på ein skogsveg og etter kvart ein sti forbi vassverket på Onarheim. Vi går gjennom skogen til Lauvvatnet, som ligg på turens høgaste punkt. Frå Lauvvatnet følgjer vi stien ned til Onarheimsvatnet.


Frå Onarheimsvatnet har vi to alternativ, avhengig av forholda:

Våte forhold: Vi følgjer skogsvegen langs Onarheimsvatnet til hovudvegen. Deretter går vi via Onarheimstreet, Jensaløo og Hagaresvegen tilbake til Henningshagen.
Tørre forhold: Vi tek ein mindre sti frå Onarheimsvatnet tilbake til Vattedal og Henningshagen.
Turen går gjennom vått og til tider noko ulendt terreng. Vi legg opp til ein pause undervegs der det er mogleg å ete nista. Ta gjerne med sitjeunderlag og noko godt å bite i om du ønskjer det. Hugs ellers kle etter været.

Praktisk informasjon
Lengd: 7 km
Stigning: 249 høgdemeter
Underlag: Asfalt, skogsveg, sti og noko myr
Kle deg etter vêret, og hugs gode tursko. Ved våte forhold kan gamasjar vere til god hjelp.

Turledere er Sabine Graeff og Lise Kvinnsland.