Publisert av:
4/4/2010 13:20
Promillekøyring
Natt til langfredag var det ei utforkøyring i Eredalen i 0315-0330 tida. Ein bil med fire personar i havna på taket og vart knust.
– Det var fire personar i bilen som alle stakk av, opplyser lensmann Lorentz Lunde til Tysnesingen. – Me fekk tak i dei fire i løpet av morgon og formiddagen fredag og det vart tatt blodprøve og førerkort beslaglagt.
– Dei fire er enno ikkje einige om kven som køyrte bilen, så me lyt avventa saka litegrann til dei blir einige, seier Lunde.
Litt seinare på fredagsmorgonen, klokka 0705, vart ein motorsyklist stoppa med promille i Eredalen. Det vart tatt blodprøve og førerkort vart også her beslaglagt.