Frå Tysnes Bygdekvinnelag og 6. klassane ved Tysnes skule

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/10/2024 17:49

Tysnes Bygdekvinnelag har frå tid til anna nokre prosjekt saman med elevar i skulane her på Tysnes.

Og dei siste åra har me hatt plantefarging med elevar i 4. klasse på Uggdal skule, så strikking med dei same elevane, men då i 5. klasse på Tysnes skule. Dei har strikka lappar som me har satt saman til eit fint teppe.

I forbindelse med TV aksjonen i år valde me, saman med elevane å halde ein liten basar og med dette teppet som hovudgevinst.

Så blei det gjort avtale om torsdag 17.oktober. Desse elevane går no i 6.klasse og har fått skulekjøken på timeplanen, så dei baka kaker og steikte lappar og vaflar. Saman med fire frå Tysnes Bygdekvinnelag var dei med på førebuingane til basar.

Forutan elevane i 6. klasse, var forelde, besteforeldre og søsken invitert saman med medlemar i Tysnes Bygdekvinnelag. Det var vel 100 som besøkte oss denne dagen.

Leiar i Tysnes Bygdekvinnelag las opp ei helsing frå Barnekreft foreininga på Vestlandet, og me hadde og fått tilsendt ein kort video som fortalde litt om det arbeidet dei gjer. Vidare framførte elevane nokre songar.

Så var det tid for basar.  Nokre elevar selde lodd, mens andre selde kaffi og kaker. Det var til saman 15 premiar, gitt av skulen og medlemar av Bygdekvinnelaget.

På sal av lodd og sal av kaker/kaffi, kom det inn  kr 18 383.-  Desse er no sendt inn til TV-aksjonen sin konto.

All honnør til elevane i 6.klassane ved Tysnes skule for den iver og engasjement dei la ned i denne jobben.

Styret i Tysnes Bygdekvinnelag.