Publisert av:
30/3/2010 08:20
Oljesøl
Det har vore oljelekkasje på gassferja MF Raunefjord som går mellom Sandvikvåg og Halhjem. Dette har ført til oljesøl som er synleg i sjøen.
Til BA seier driftsleiaren i Fjord1 at det er ein mindre lekkasje på ein pakning på ein av propellane som er årsaka. Det har vore dykkar nede og sjekka, og konklusjonen vart at lekkasjen var så liten at ferja ikkje blir tatt ut før etter påske.
Kystverket er orientert om lekkasjen på ferja.