R4K Vestlandet – Opptur

Publisert av: May Britt Meland
24/9/2024 18:11

Søndag 22. september var det tredje gong R4K ( Rides 4 Kids) tok turen til Tysnes .

Kaien i Våge var litt av eit skue då dei 85 syklane som deltok på helgas tur tok seg ein rast. Turen gjekk vidare til Brekke gard i Uggdalsdalen.

R4K Vestlandet ynskjer å takke frå hjartet alle som møtte opp til R4K Vestlandet – Opptur for ei jente. Samhald og fellesskap var viktigare enn nokon gong. Både mor og jenta var et stort smil etter turen!

-Ei stor takk til Mc kaffen i Uggdalsdalen, Holy Riders MC Nordhordland, Fjord1 og alle som kom for å gjere dagen for familien uforgløymeleg, seier R4K Vestland.

R4K er ein non-profit organisasjon. Dei kjører for barn som er utsatt for mobbing, trakassering eller har ulike utfordringar i kvardagen som gjer at dei treng ein opptur.

R4K kan du lese om på den offisielle sida til organisasjonen.

Foto: R4K Vestlandet