Kampreferat frå Njardar/Tysnes mot Olsvik 2

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/9/2024 10:54
Njardar – Olsvik2 4 – 4

Ordet thriller blir vel for puslete om ein skal beskriva dagens batalje mot Olsvik/Olsvik2. Et solid, veldig bra Olsvik lag som heilt tydelig hadde mobilisert for å «ta» oss. Anført av ein tidligare Loddefjord(3.div) spelar fekk Njardar mykje tøffare motstand enn forventa, og sammenligna med 3-7 bortekampen i vår.

Me tar ledelsen tidlig i ein god åpning av kampen frå vår side når Didrik snappar ein feilpasning og hamrar den i hjørnet. Etter 10 min utlignar Olsvik litt utav ingenting og tar deretter over mykje av kontrollen og me kjem sjelden opp mot vårt beste i 1. omgang.

Etter kvilen scorar bortelaget nesten direkte etter avspark og me slit med å kjempe oss skikkelig inn igjen i kampen etter kalddusjen. Plutselig kjem også 3-1 etter ein vanvittig Zidane-dragning på midten etterfulgt av ein mm-presis ball i bakrom… Klasse av Olsvik, enkelt og greit og berre å ta av seg hatten for.

Moralen i dette Njardarlaget er uansett så rå, at når me får bytta inn litt friske bein, tar meir og meir over og skaper litt etter litt, så sitt plutselig 2-3 etter et fantastisk innlegg frå Marius til Alex, som hamrar inn reduseringen på volley.

No har me momentum og kjører bortelaget. I 85. og 88.minutt scorar Didrik 2 nye og stemningen står «i taket» på Reiso. Dessverre, nærast med siste spark på ballen utlignar Olsvik på et skudd som skiftar retning foran Sivert.

Surt, men me velger å hylla moralen i laget i det som er ein kamp der langt i frå alt stemmer for oss, mot ein veldig god motstander.

Aksel (bildet) vart av ein lokal tilskuar-jury kåra til banens beste og får et gavekort på 2 retters middag for to, på Mandelhuset, sponsa av Mandelhuset! Gratulerer!

Desse var med for Njardar/Tysnes:

Sivert Kleppe Hagebø

Samson Førdedal Huse

Samuel Dalland

Tobias Dalen Hagen

Mathias Bakke

Yusuf Keskinli

Ørjan Malkenes

Elvis Aleksis Kalvans

Thomas Hagen

Jørgen Pettersen

Marius Haugland Mikkelsen

Rafael Sancho Cruz

Aksel Lande

Lasse Aarland Skulstad

Alexander Gjerstad Kleppe

Jonas Hagen-Lunde

Didrik Milde Thorbjørnsen

Raymond Epland

Neste heimakamp for herrelaget, er laurdag 28. september klokka 15.00 mot Møhlenpris.

___________________________________________________________________________
Tekst og bilete: Njardar