Knallstart på sesongen

Publisert av: May Britt Meland
27/8/2024 19:55

A-laget starta lørdag 24. august haustsesongen med ein svært overbevisande 2-6 seier mot et bra Neptun2-lag, og me revansjerer det sure 0-2 heimatapet frå i vår.
Me spelar ein av dei beste bortekampane me har gjort på mange, mange år der 1. omgang er einvegeskjøring og me burde leda 4 eller 5-0 med fleire enorme sjansar me rullar opp.
0-1 kjem på utsøkt vis frå spelande trenar Marius som limer et frispark direkte i krysset etter at han sjølv blei felt.
Stillinga står seg til pause, utrulig nok, etter sjanse på sjanse og annulert mål.
Overkjøringa fortsetter i 2.omg til tross for at Neptun er meir aggressive og forsøker seg litt meir.
0-2 kjem og på direkte frispark frå Viking etter at Didrik blei felt like utanfor 16m.
0-3 kjem etter at Aksel drar seg fri på et innkast frå høgrekanten og legg ut 45 til Rafa som legger den fint i hjørnet.
1-3 på langskudd og Neptun får i et lite øyeblikk litt «blod på tann»
Fint er det då for oss at me kan setta inn lynraske Jonas HL til å true meir dei store romma Neptun avgjer i jakt på ytterligare scoringar.
1-4 kjem akkurat som tenkt og ønska på ein nydelig langball i bakrom frå Aksel til Jonas som etter er silkemjukt mottak scorer åleine med keeper. Dette tar nok mesteparten av lufta utav Neptun-ballongen og me får fortsetta å kontrollera kampen.
1-5 kjem etter at Rafa trer ballen nydelig gjennom til Jonas som scorer åleine med keeper igjen.
2-5 på dødball.
Til slutt sett dagens superinnbyttar Jonas den definitive spilleren i kista til 2-6 når Aksel med nok ein nydelig gjennomstikker finn Jonas som lekkert drar av sistemann og plasserer inn dagens siste.
Enorm bortekamp og tabelltopp! Deilig!!!

Desse var med:
Henrik
Thomas
Ørjan
Ola
Mathias
Aksel
Marius
Jørgen
Rafa
Didrik
Lasse
Viking
Tobias
Samuel
Jonas
Birger
Morris

 

Tekst og foto: Njardar/ Tysnes IL