Avslørt av GPS

Publisert av:
24/3/2010 18:32

I fjor sommar vart fleire båtmotorar stolne frå Tysnes. Det var fire polske menn som var på raid i Hordaland og totalt 69 motorar stal dei. Ein GPS i bilen vart avgjerande for å etterforska kor dei hadde foretatt tjuvraida sine. Den viste opplysningar om kor tjuvane hadde vore.

No er tre av dei polske mennene dømd til ubetinga fengselstraff av Nordhordaland tingrett, melder bt.no. Fjerdemann vart dømd tidlegare i år.

I tillegg er dei tre dømd til å betala store erstatningssummar til privatpersonar og forsikringsselskap som vart fråstolen båtmotorar og anna utstyr.