Resultat frå Tirsdags’feiden’ nr. 10 – parturnering.

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/8/2024 16:02
Då er me i gong igjen etter sommerpausen. Det var tydeleg at det var på tide – heile 18 ivrige karar stilte til start, fordelt på 9 lag.

Me spelte totalt 18 hol – 6 hol golf scramble, 6 hol pitch & putt scramble og 6 hol putting. Ei speleform som fredagsgjengen har funne opp. Denne falt i smak hos alle så det vert gjentaking om ikkje lenge.

Ekstra gledeleg med ungdomane som no er med oss. Må også skryta av banemannskapa som har sytt for at banen er i tipp topp stand. Betre enn nokon gong.

Dagens vinnarlag, i ein særs jamn batalje, vart Helge Hauge og Helge Liland med 59 slag netto. Dei får kvar sin time i simulatoren. Grattis!

Neste tirsdag vert det ny runde i ‘Feiden’, nr 11. På programmet står då 9 hol golf individuelt, netto slag.

Velkomen til start både ‘proff’ og ‘amatør’!
Tysnes Golfklubb