Publisert av: May Britt Meland
18/7/2024 13:55
Vellukka basar
Til sommarbasaren i Sør-Reksteren Bedehus onsdag 10. juli, kom der overraskande mykje folk. Det kom folk frå Tysnes, frå Nord-Reksteren og sjølvsagt frå Sør-Reksteren. Ja, der var jamvel nokon frå Stord.
Og med mykje folk vert det mykje åresalg. Så vart også det økonomiske resultatet rekord stort.
Der var fleire som kom med fine gevinster.
Bedehusstyret takkar og bukker.
Kåre Torbjørnsen Styreleiar