Utstilling i Tinghuset

Tinghuset
27. juli kl. 11:00

Tinghuset vil vera ope for publikum kvar laurdag i juli frå KL 11 til 13.

Tysnes Sogelag, Tysnes Bygdekvinnelag og Jåttelaget, har her samla mange gode, gamle skattar og bilete frå gamle dagar.

Denne sumaren har og Tysnes Bygdekvinnelag eit samarbeid med Tysnes Husflidslag om ei utstilling på lemen, med gamle og nye pyntehandkle.

Og no siste laurdagen blir det skipa til ei ekstra fin utstilling av gamle og nye dåpskjolar.

Her kan ein få kjøpt kaffi og lappar eller vaflar.

Velkomen!