Bilete er frå 3. runde i Tirsdags'feiden

Siste runde av Tirsdags-feiden før sommarpause

Publisert av: Martha Nygård Lande
5/7/2024 09:05
Då er siste runde av Tirsdags’feiden’ før sommarpause avgjort. Denne gong 9 hol golf netto slag, frontnine.

Fredrik spelar betre og betre og presterte ein kjemperunde. Han utklassa resten av feltet både på brutto- og nettoscore med hhv 36 og 24 slag. Solid!

Fredrik Winther

Dei 3 beste netto vart:

Fredrik, 24 slag
Vidar, 30 slag
Halvard, 30 slag

Gratulerer så mykje !

Neste turnering på programmet er Tysnesfest Open, torsdag 11. juli kl 10.00. Denne går over 18 hol, netto slag.

Maks 30 deltakarar.
Påmelding i golfbox.
Startkontigent kr 200.

Tirsdags’feiden’ starter opp igjen med runde 10, tirsdag 13. august klokka 18.00. Då vert det lagspel.