Fin konsertoppleving

Publisert av: May Britt Meland
16/6/2024 12:06

Det vart ei fin oppleving under konserten “Eit møte med Ukraina” 13. juni.
Flatråker bygdalag arrangerte dette i Flatråker bedehus. Arrangementet var til inntekt for Røde Kors sitt humanitære arbeid i Ukraina.
Det var eit flott program, kor dyktige musikarar og fagfolk stilte opp og jobba dugnad.

Me fekk eit fint møte med bandet “Lykke til!”, som bestod av 4 flotte ungdommar frå Ukraina, elevar ved Stord vidaregåande skule.

Så sterke tekstar lese opp frå Ukrainske ungdommar!


Vidare musikk av høg kvalitet frå bandet “Klingenberg trio”, og det heile vart avslutta av profesjonelle musikaren Endre Olsen.

Musikararne skrytte over god lyd i bedehuset, kor proffe lydfolk jobba på!

Det kom om lag heile 15.000 kroner inn under konserten.
Om du framleis ønsker å støtte kan du vippse til 518057.

Etter tilbakemeldingar ønsker me å tenke at å arrangere ein slik konsert kan verte ein årleg tradisjon.

Takk frå styret i Flatråker bygdalag!

Tekst og foto: Flatråker bygdalag