Handballkampar i Tysneshallen laurdag
14/3/2010 14:12
Det var stor stemning på tribunen frå morgonen av, med både heiarop og bjøller. Publikum er flike til å oppmuntra laga sine og handball på Tysnes er absolutt god underhaldning!
G10 Tysnes – Sund
Tysnes sine gutar 10 spelte to kampar mot Sund.
Første kamp var svært jamn og underhaldande og til pause leia Sund med 4-3. Spenninga berra auka i andre omgang, og stillinga var 7-7 når det var halvminuttet att av kampen. Med full innsats til siste sekund klarte Tysnes å vinna 9-7!
I Tysnes G10 sin andre kamp mot Sund hadde gutane enno meir sjølvtillit og var noko sterkare i forsvar. Dei oppviste fleire gode kontringar som enda med ballen i nettet bak Sund-målvakta. Tysnes vann velfortent 11-6.
G10 har ikkje vore vane med å vinna kampane sine, men dette ser ut til å ha snudd no! Gratulerar med to flotte sigrar!
G11 Tysnes – Fana
Tysnes G11 hadde ein tøff motstandar i Fana, som raskt tok leiinga med sterke spelarar på vingen. Tysnesforsvaret vart betre utover i første omgang, med godt samspel og Elvis trygt i mål med mange gode redningar. Til pause var stillinga 6-5. I andre omgang gjekk leiinga frå det eine laget til det andre med stor innsats og høgt tempo, og sluttresultatet vart 11-11. Tysnes G11 har diverre nokre spelarar som for tida er skada, men Ina stilte sporty opp som innbytar på kort varsel.
J14 Tysnes – Fitjar
Fitjar starta med å skåra etter få sekund, men Tysnes vakna raskt og etter nokre minutt suste ballen inn bak fitjarmålvakta gong på gong. Tysnesjentene var i storslag og pauseresultat vart 15 – 4 etter at fortvila motspelarar sørgde for mange frikast og straffar i favør av Tysnes. I andre omgang var Fitjar meir med i spelet mens Tysnes ikkje lengre hadde same tenning. Men det var aldri snakk om innhenting for gjestelaget og Tysnes vann med heile 20 – 9.
G14 Tysnes – Bjørnar
Kampen starta med høgt tempo og mange gode forsøk som ikkje alltid enda med mål. Fram til stillinga 2-2 var det ein jamn kamp, men etter det drog Tysnes frå. Jone var svært kjapp på venstre ving og skåra mange mål, og Kristoffer var ein konstant trussel på Bjørnar sin strek. Forsvaret demde godt opp og stengde for Bjørnar sin veldig gode midtspelar. Då kampen enda stod det 21 – 16 til Tysnes.
Damer Tysnes – Vadmyra
Damelaget spelte nok ein sterk kamp. Vadmyra hang med i første halvdel, og pauseresultat vart 10 – 9. I andre omgang berre auka Tysnes leiinga, bl.a. med svært gode kontringar. Jentene våre hadde absolutt taket på gjestene. Toppscorar vart Agnethe Flakke med 5 mål mens Hege Flornes med sine flotte kontringsmål skåra 4. Den målrike kampen enda 25 -18.
13. mars 2010
Ingrid H Haaland,
TysnesIL