Bilete er frå 3. runde i Tirsdags'feiden

Resultat frå 3. runde i Tirsdags’feiden

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/5/2024 08:49
I runde 3. runde av Tirsdags’feiden’ var det Arne Dalsgård som, etter solid spel, gjekk av med sigeren.

Hakk i hel fylgde sonen Halvard Dalsgård med same nettoscore, men med høgare hcp. Tredjeplassen gjekk til gjengangaren på pallen, Fredrik Winther.
‘Feiden’ vart spelt tirsdag, 21. mai, med 15 stk til start, og gledeleg igjen, herav 4 rekruttar.

Det var ein kjekk runde i nydeleg vær, så det er berre å gleda seg til neste tirsdag då lagspel står på programmet.