A-laget med siger på heimebane

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/5/2024 10:11
I strålande sol på Reiso, tok Njardar i mot Fitjar 2 i går, tysdag.
Det var ein kamp der begge lag ville mykje, og det var målsjangsar fleire gonger, til begge laga.

Før kampen låg laga likt i toppen av tabellen, men med denne heimesigeren ligg no Njardar øverst.

Mål:
Jonas Hagen-Lunde (44. min) plukkar opp ein retur frå corner og hamrar den i hjørnet frå 20 meter.
Jonas Hagen-Lunde (92. min) etter flott gjenvinning og frispeling frå Njord.
I siste speleminutta fekk Fitjar 2 også eit mål, men til slutt var det Njardar som stakk av med sigeren. Sluttresultatet vart 2-1.