Publisert av:
27/2/2010 07:32
Sprangstevne
Forrige helg var søstrene Mathilde og Gunhild Marie Fauske på sprangstemen.
Gunhild Marie starta LC80 og LB-90 cm kat.1 ponni med hesten Balder. Ho hadde eit riv i begge klassane, noko som holdt til ein fin 2.plass i 80 cm og 3.plass i 90 cm.
Mathilde starta i LC-70 og LB-80 cm kat.2 ponni med hesten Beyond the Basic. Ho vart eliminert på 70 cm pga feil bane, men tok ein kjempeflott 1.plass på 80 cm. Beyond the Basic starta også 90 cm for hester (med ein annan ryttar) og tok 1.plassen der.
– Det er veldig gøy at ryttarar frå Tysnes gjer det så bra, seier Eli Sandvik i Tysnes Hestesportslag til Tysnesingen.