Stor interesse for slekt på data
26/2/2010 21:25
Om ikkje gjennomsnittsalderen hadde vore såpass høg, skulle ein heller tru at ein hadde dumpa ned i eit “LAN-party”. For her er pc-faktoren høg.
For andre gongen arrangerer Tysnes folkebibliotek eit kurs i slektsgransking på data, som går over fire treff. Kurshaldar er Erling Utne, som har lang røynsle frå både slektsgransking og arbeid med den norske versjonen av dataprogrammet Legacy, som truleg er det beste programmet for å få god orden på slekta, med eit vell av finessar som det tek si tid å setja seg inn i.
På den førre kurskvelden lærte deltakarane korleis ein legg inn persondata i programmet. Nokre har allereie kome godt i sving, medan andre brukar litt meir tid på å setja seg inn i noko som er nytt og ukjend. Det er berre slik det skal vera. – Dette er ikkje vanskeleg, berre ein tek tida til hjelp, seier Erling Utne, som sjølv har fleire tusen personar på plass i sin eigen slektsdatabase.
For andre er ambisjonane kanskje ikkje fullt så store. Uansett er data eit godt verktøy til å halda orden på slektsliner, notat og kjelder – og ikkje minst er det kjekt å skriva ut flotte slektstavler så snart ein har kome nokre generasjonar bakover. Nokre har mest all slekta si på Tysnes og i nærområda, medan andre må land og strand rundt for å knyta trådene. Uansett får ein fort dilla på dette.
No ser deltakarane fram til å få besøk av historikar Marianne Herfindal Johannesen frå Statsarkivet på neste kurskveld. Før den tid vert det arrangert ein “helpdesk” for dei som treng hjelp med dataprogrammet. Kurset vert avslutta med ein tur til Statsarkivet, der statsarkivar Yngve Nedrebø vil gje ei omvising.