Publisert av:
26/2/2010 12:00
Fekk ATV
I samband med at Kraftlaget skal skifta ut den eine av dei to ATV’ane sine, kom idéen opp om å gje den gamle til Hjelpekorpset.
– ATV 6×6 er eit svært nyttig verktøy og eit allsidig framkomstmiddel. Ein kjem fram over alt med denne, seier kraftlagssjef Steinar Austefjord til Tysnesingen.
Når dei no skulle skifta den ut likavel, og den gamle var avskreve, fann dei at Hjelpekorspet ville kunna ha stor nytte av ein ATV, og den vil bli brukt over heile øya.
– Me er sjølvsagt svært glade for å få ei slik gåve frå Kraftlaget. Me har lenge tenkt å kjøpa ein ATV, men har ikkje hatt midlar. Med denne på plass er det med og aukar beredskapen til Hjelpekorpset på Tysnes, seier Erling Langballe.