Blåbærhaugen Foto: John Tye

Mange til Blåbærhaugen

Publisert av: May Britt Meland
9/1/2024 18:44

Å gå til Blåbærhaugen er absolutt vinn-vinn! Du får deg ein flott tur og kjem i betre form, og ikkje minst det gjev pengar i kassa til Onarheim Idrettslag når du registrer turen din i boka!!

I 2023 enda totalen på 12.231 som skreiv namnet sitt i boka på toppen. Onarheim idrettslag får dermed 122.310 kroner av Alsaker Fjordbruk som kan brukast til tiltak på og rundt Onarheim skule.

Ti på topp-lista for 2023 vart slik:
1. Lise Skjåk Dalen (754)
2. Helen Skaten Hystad (737)
3. Anne Kathe Dale Kjerland (481)
4. Hildegunn D Flakke (307)
5. Helge M Nesse (271)
6. Beate Storesætre (270)
7. Magne Storesætre (216)
8. Ruth Kongsvik Brandvik (205)
9. Gerhard Meidell Alsaker (193)
10. Ragnhild Storesætre (178)

God tur til alle i 2024!

Lise Skjåk Dalen har teke dette flotte biletet er teke ein av dei vakraste dagane i 2023 – vesle juleaftan – akkurat då sola titta over kanten om morgonen.

Foto: Lise Sjåk Dalen