Tysnes Sparebank hadde ikkje tap i 2009

Publisert av:
18/2/2010 15:54

Dette er 0,2 mill. kr. mindre enn resultatet i 2008. Styret er likevel nøgd med resultatet, ikkje minst med tanke på dei problem som har vore i norsk og internasjonal økonomi. Banken har hatt ein jamn vekst på ca. 8% på utlån og 4% innskot, og det har ikkje vore tap på utlån i 2009. Banken har ikkje tap på verdipapir og har ei innskotsdekning på 94% ved årskifte. Tysnes Sparebank er ein solid nærbank og hadde ei kapitaldekning på 16,27% pr. 31.12.09.

Forstandarskapet vedtok rekneskapet for 2009 på møte 16.februar, og  avsette kr. 226.280,- til gåver og 3,9 mill. til Sparebankens fond. Fullstendig årsrekneskap kan du lese på heimesida til banken.

Gåvetildelinga vart vedtatt i forstandarskapet på same møte og lista over tildeling finn og på heimesida www.tysnes-sparebank.no

Samla sett gav banken ca kr. 520.000,- i direkte støtte og sponsing til lag og organisasjonar på Tysnes i 2009.

Tysnes Sparebank er Hordalands minste bank og ein viktig aktør i lokalsamfunnet. Som liten er vi handlekraftig og har nær kontakt med våre kundar. Vi kjenner kundane våre, og dei kjenner oss. Dette gjer tryggleik og positive resultat for alle partar.

Banken gir lån og garantiar til lokalt næringsliv og privatpersonar i regionen. Vi satsar på vekst og utvikling i Sunnhordland og bidreg i tillegg til vanlege banktenester òg med utleige av lokalar, aktiv sponsing og gode arbeidsplassar. Vi nyttar lokale leverandørar og har samarbeid med kommune og næringsliv. Vi har tatt mål av oss å vere ein kompetansebedrift med lokalt engasjement som satsar på miljø og unge i tida som kjem.

2010 vert eit spennande og krevjande år. Banken er realistisk med tanke på resultat og fare for tap grunna de urolege tida vi framleis er inne i. For å sikre kundane våre tilgong på gode banktenester i lokalsamfunnet også i framtida samlar vi drifta i eit lokale på Tysnes i 2010.  

For meir informasjon kontakt:
banksjef Siri Berggreen,
sib@tysnes-sparebank.no,
mobil 97 42 94 84.