Set fokus på gjenbruk
21/11/2023 11:42
For å ha eit meir miljøvennleg alternativ til Black Friday vert det rundt i landet halde fleire ulike “Grøne” arrangement. Dette for å sette fokus på å kjøpe brukt, reparere brukte plagg og å bytte brukt med anna brukt framfor å kjøpe nytt.
På Tysnes vert det “Grønn” markering fredag 24. og laurdag 25. november.
Fredag 24. november
Barnas Turlag Tysnes & Fikselauget arrangerer igjen byttekveldsuksessen Grønn Fredag!
Ta vare på miljøet ved å gi friluftsutstyr og -klær et nytt og forlenget liv!
Det foregår i same bygg som Meirbruk i Våge, vis-à-vis Spar/Våge sentrum.
Kl 15.30-17.45
Laurdag 25. november
Markering av «Grøn veke» på SIM sine «Godt brukande» avdelingar.
Det vil denne veka vera mogeleg å finna ekstra fine saker til ekstra gode prisar.
Dei tilsette har nemleg i fleire veker samla opp saker og ting til den grøne veka, og dei er viljuge til å gje deg eit godt tilbod om du spør.
Kl 09.00-14.00