Er du pårørande til, eller har ein god ven på Omsorgssenteret?
Saman kan de fredag den 17. november klokka halv tolv få oppleva at Countrysax spelar gode gamle countrylåtar.
Countrysax består blant anna av nyinnflytta tysnesing Reidar Sakseide. Saman med to medmusikantar i Countrysax skal dei bringa til torgs ei rekke gode gamle countryhits, frå Jim Reeves til Hank Williams, frå Merle Haggard til Buck Owens.
Reidar sjølv spelar piano og syng, mens Harald Dyb er ein virtuos på steelgitar og Arne Opseth fyller ut på gitar.
Dette vert ei triveleg stund om du er glad i god gamal country!!!
Konserten er gratis og open for alle.