Tilskot til verna kulturminne 2024
18/10/2023 08:54
No kan private eller organisasjonar som eig eller forvaltar eit fast kulturminne, søke om tilskot til til restaurering, eller tiltak, på faste kulturminne i Tysnes kommune.
På kommunen si heimeside kan ein ein lesa at det overordna målet med tilskotet er å sikre kulturminneressursane som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nolevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd.
Føremålet med tilskotsordninga er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, ved å verdsetja og forvalta verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål.
Ordninga skal stimulera til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.
Du kan lesa meir om vilkår, dokumentasjon, søknadsfrist, søknadsskjema og anna på Tysnes kommune: Tilskot til verna kulturminne