Publisert av:
26/1/2010 11:13
Strikkekafé
I går kveld var det strikkekafé i storastova i Lunde skule. Det var godt oppmøte der interesserte frå heile øya samlast nokre timar for å strikka i lag.
Det er Husflidslaget som arrangerer strikkekaféane. Tidlegare har dei hatt dette i Husflidsstova i Våge, men no denne vinteren har dei valt å arrangera dette på ulike stader.
Denne månaden var det som nemnt i Lunde skule. Neste gong er 22.februar då blir det på Haaheim Gaard, og så den 22.mars i Seløystova.