Publisert av: May Britt Meland
3/7/2023 18:51
Kjekt på Sjøsportveko
Den årlege Sjøsportveko 26.- 30. juni vart ein suksess. 30 deltakarar fekk seg ei kjekk og lærerik veke. Arrangør Båtlaget Njord/Tysnes stilte med 13 instruktørar.
Av aktivitetar var det eit bredt spekter, med både teori og praksis:
sjøvett, knutar og stikk, seglteori, kolsigling, jollesigling, sigling med oselvar (veldig populært), og padling.
Trass litt grått i ver nokre av dagane, var det perfekte forhold.
Bildedryss frå ei kjekk veke:
Foto: Båtlaget Njord/Tysnes